Velkomne til Open dag 08.03.22.
Vi ynskjer velkomne til Open dag hos Ørsta vidaregåande skule tysdag 8.mars. Vi gler oss til å vise fram dei fem spennande programområda som skulen kan freiste med. Det har blitt sendt ut velkomstbrev og omvisningsoversikt til alle skulane som har meldt seg på. Sjå dokumenta nedanfor.
Alle elevane møter kl.9.20 i aulaen/resepsjonen på A-bygget. Her blir gruppene henta og går samla til første
stasjon/avdeling, og er klare der når omvisninga startar kl.9.30.
I plan for omvisninga finn de møtetidspunkt på dei ulike avdelingane. Sjå der kva «kode» gruppa skal gå under, t.d. har Ørsta ungdomskule a-klassa kode «Øa».
Elever frå Ørsta vidaregåande vil følgje/vise til neste avdeling.
Om nokon kjem bort frå gruppa si, så kan dei henvende seg i ekspedisjonen på A-bygget.
Det er lagt opp til 30 minutt matpause i tidsromet kl.11.20 til 11.50.
Elevane må ha med seg matpakke og drikke då det ikkje er kantine ved skulen.
Vi ynskjer dokke varmt velkomne til den yrkesretta skulen vår, og håper at dette vert ein motiverande og lærerik dag!
Målet vårt er rett elev på rett plass!