Timeplan og organisering på raudt nivå
I høve at skulen no er sett til å ha undervisning på RAUDT nivå er det utarbeidd ein plan for fordeling av klasser MED OPPMØTE på skulen og heimeskule på TEAMS. I oppsettet har dei ulike klassene to til tre dagar OPPMØTE PÅ SKULEN i veka. Utplassering går etter avtale uavhengig av denne planen om ikkje anna er avtalt.
ALLE KLASSENE FØLGJER ORDINÆR TIMEPLAN OM IKKJE NOKO ER AVTALT MED FAGLÆRAR. (td: ulike vurderingssituasjonar) Sjå TEAMS for detaljer i faget for heimeskule
Dette inneber m.a. at:
- Skulen legg til rette for minst mogleg kontakt mellom elevane, spesielt mellom elevar i ulike klasser.
- Elevane ikkje sit to-og-to eller i grupper, dei sit ein-og-ein med minst ein meter mellom seg i klasseromma.
- Inventar og utsyr som blir brukt av ulike elevar/tilsette blir reingjort mellom kvar brukar.
- At i all opplæring, også dei praktiske faga og kroppsøving blir aktiviteten planlagt utan fysisk kontakt.
- Når ein er på skulen skal ein opphalde seg på tilviste klasserom.
- Opphald i trapper, korridorar og fellesareal i friminutt/fritimar er ikkje lov.
- Besøk i andre klasser ikkje skal skje om det ikkje det er lagt til rette for av lærar.
- At ein IKKJE deler personleg utstyr med andre elevar
Vi minner om dei grunnleggande prinsippa for smittevern:
- Ver heime viss du er sjuk (luftvegssymptom)
- Ver nøye med hoste- og handhygiene
- Hald avstand og unngå fysisk kontakt
Organisering veke 1 og 2
Tysdag 04.01:
All ordinær undervising skjer som heimeundervising i TEAMS etter timeplan.
Onsdag 05.01:
All ordinær undervising skjer som heimeundervising i TEAMS etter timeplan.
Torsdag 6.1 og fredag 7.1:
Veksling mellom skule og teams
Veke 2;
Veksling mellom skule og teams