Open dag 2023
Torsdag 16. mars 2023 rulla vi ut den raudeløparen i flatsalen og tok i mot 315 niandeklassingar og elevar frå læringsentera i Ørsta og Volda, til Open dag ved Ørsta vidaregåande skule.
Etter at niandeklassingane og elevar frå læringsentra i Ørsta og Volda vart ønska velkomne av assisterande rektor Birger Bjørdal, starta omvisninga der alle fekk besøke dei ulike programområda vi har ved Ørsta vidaregåande skule:
- Byggfag
- Elektrofag
- Helse- og oppvekstfag
- Restaurant- og matfag
- Teknologi- og industrifag
Ute på dei ulike avdelingane fekk dei informasjon og demonstrasjon av elevar og lærarar ved Ørsta vgs. Nokre av dei gjestande elevane fekk også prøve seg på mellom anna koplingar og dandering av mat. Midt på dag samla alle seg til felles lunsj på Kulturhuset før siste bolken av omvisninga som tok slutt kl.13.30.
Vi takkar alle besøkande elevar og ikkje minst våre eigne elevar for ein feiande flott og kjekk open dag!