Ørsta vgs søker faglærar i elektrofag

Vi søker etter faglærar i inntil 200% fast stilling innanfor automasjon, elenergi og ekom. Les meir og søk på stillinga på mrfylke.no/jobb. Søknadsfrist: 30.09.2022

Skriv ut

Ørsta vidaregåande skule er ein av dei mest tradisjonsrike yrkesskulane med ei unik historie over 75 år, der vi utdannar yrkesutøvarar i fylket, nærmiljøet og regionen. Skulen er ikkje større enn at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom lærar og elev, noko som vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer. Skulen har kontinuerlig fokus på å utvikle fagmiljøa både internt og saman med eksterne samarbeidspartnarar. Gjennom skulen sin visjon om "Meistring gjennom aktivitet og utforsking" ynskjer vi å gje elevane våre ei solid læringsplattform der kunnskap og opplevingar kjem i fremste rekkje.

Snarvegar

Kontakt