No kan du søke vidaregåande opplæring

Det  er opna for søking til skoleåret  2022/2023.

Skriv ut

Fristen for å søke er 1. mars, men søkarar kan registrere og endre søknaden sin fram til denne datoen, på vigo.no

For dei som har fortrinnsrett eller krav på individuell vurdering, er søknadsfristen 1. februar. Dette er også søknadsfrist for formidling til læreplass for lærekandidatar

Rett til plass

Søkarar frå ungdomsskolen har rett til å få plass ved eitt av tre utdanningsprogram. Opplæringslova seier at ein skal søke tre utdanningsprogram til Vg1.

- Det er svært viktig at søkarar følger opp dette. Dersom du berre fører opp eitt utdanningsprogram og ein skole, kan du risikere at du blir vidaresøkt til eit skoletilbod som du kanskje ikkje ønsker å ta i mot, seier Kariann Dimmen Flovikholm, kompetansesjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les meir om dei ulike utdanningsprogramma i tilbodsheftet til fylkeskommunen.

Presentasjon av dei ulike utdanningsprogramma er også tilgjengeleg på vilbli.no.

Sjå meir om studietilboda ved ØRSTA vgs her

Kontakt