Hybeltreff på Ørsta vgs
Torsdag 15.10 kl. 18.00-20.00 startar vi opp eit sosialt kveldstreff på D-bygget (KLT-avd) for hybelbuarar, men også andre elevar som vil delta.
Vi lagar noko å ete, og har eit kveldsmåltid ilag. Ellers er programmet fritt, vi tek fram kortstokken og brettspela viss nokon vil ta dette i bruk. Arrangementet er gratis. Velkomne skal de vere!