Generell anbefaling om bruk av munnbind på kollektivtransport

Som ei følge av innstrammingane i dei nasjonale tiltaka mot COVID-19-smitte anbefaler FRAM no at alle som reiser kollektivt bruker munnbind på heile reisa.

Skriv ut

Anbefalinga gjeld og i kommunar som ikkje har innført påbod om bruk av munnbind, og det gjeld på buss, hurtigbåt og ferje.

På ferjene anbefaler FRAM at passasjerar som reiser i eigen bil i størst mogleg grad blir sittande i bilane sine under overfarten. Det er gitt dispensasjon for dei ferjestrekningane der dette normalt ikkje er tillat.

Desse anbefalingane gjeld inntil vidare.

Kontakt