Covid19-oppdatert informasjon
Skulen fikk informasjon tysdag kveld om at ein elev og ein tilsett har fått påvist Covid 19. Kommuneoverlegen har god kontroll på situasjonen, og ingen nye tilsette eller elevgrupper blir satt i karantene.
Om ein elev eller tilsett får påvist covid-smitte vil det bli gjort ei vurdering av kven som er nærkontakter, og desse vil bli sett i karantene. Berre i ytste konsekvens vil heile skulen bli stengt. Desse tiltaka er det kommuneoverlege/smittevernlege som vurderer og avgjer på grunnlag av retningslinjer frå Folkehelseinstituttet.
Vi forsøker så godt vi kan å hindre at smitten kjem til oss, men det er minst like viktig at vi avgrensar omfanget om nokon skulle bli smitta. Dette gjer vi ved å følgje dei grunnleggande smittevernprinsippa:
- Vi held oss heime og vi testar oss om vi er (eller mistenker at vi er) sjuke.
- Vi er nøye med hand- og hoste/nysehygiene (bruk dispenserar ved alle klasserom og inn- utgangar ved skulen)
- Vi held avstand og unngår fysisk kontakt.
Skulen har løpende kontakt med kommuneoverlegen og følger råd og retningsliner derifrå.
-rektor-