Læremiddel og utstyrslister
Utdrag frå opplæringslova sin §3.1, siste ledd.
”Opplæringa i offentleg vidaregåande skole er gratis. Fylkeskommunen har ansvaret for å halde elevane med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr. Fylkeskommunen kan påleggje elevane, lærlingane og lærekandidatane å halde seg med anna individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha”
Alle programområder:
Trykte læremiddel (bøker)
Alle trykte læremiddel lånast ut frå skulen ved skulestart. Eleven må kvittere for mottatt bok, og er ansvarleg for innlevering ved skuleslutt. Ureturnerte bøker vil bli fakturert: minstebeløp kr 500
Bærbar PC
Den bærbare PC’en skal være på plass til skulestart. Vg2-elever har bærbar PC frå Vg1 som dei skal bruke vidare. Eventuell skulepc må søkast om ved tilbod om skuleplass. Oppdatert informasjon finn dykk på www.skolestart.mrfylke.no
Utstyrsstipend
Alle elevar i vidaregåande opplæring har rett på utstyrsstipend frå lånekassa.
Les meir og søk om utstyrsstipend på www.lanekassen.no
Individuelt utstyr eleven må skaffe sjølv:
Sjå lister for dei ulike programområda under