Skulestart

Velkomen som elev ved Ørsta vidaregåande skule

Det er ei stor glede å få ynskje deg velkomen til eit nytt skuleår og til vidaregåande opplæring ved Ørsta vidaregåande skule. Vi vil legge til rette for at du skal få eit godt skuleår med fokus på likeverd, omsorg og respekt for medelevar og tilsette.

Ofte stilte spørsmål om inntak, finn du på fylket sine sider. 

Fram til skulestart er det inntakskontoret på fylket som tek inn elevar. Etter at skulen har starta kan skulen ta inn elevar frå ventelistene. Vi fylgjer listene og tek kontakt etter den rangeringa som står der. Vi har IKKJE høve til å gjere unntak frå rangeringa.

Kva skjer når du vert teken inn som elev 

  • Første veka i juli vert det sendt ut SMS frå inntakskontoret der dei ber søkjarane svare på tilbod om skuleplass.
  • Første veka i juli vert det sendt ut SMS frå skolestart.mrfylke.no der dei ber søkjarane som har takka ja til skuleplass om å svare på fagval og PC-ordninga. NB! Søkjaren må ha takka ja til skuleplass for å kunne fylje ut skjema på skolestart.mrfylke.no
  • Frist for å velje PC-ordning er 1. september.
  • Første veka i juli vert det sendt ut SMS frå inntakskontoret der dei ber søkjarane svare på tilbod om skuleplass. (VG2 og VG3)

PC-ordninga

Meir informasjon om PC-ordninga finn de her

Skuleskyss

Om du treng skuleskyss så søkjer du om det på skoleskyss.mrfylke.no. Meir informasjon om skuleskyss finn de ved å klikke her. Det er viktig at du tek godt vare på kortet då kortet skal nyttast alle åra du går på vidaregåande. 

Lånekassen

Vi oppmodar alle om å søkje stipend, då utstyrsstipend vert gitt til alle. Sjå her for korleis du går fram for å søkje stipend. Det vil bli fakturert for individuelt utstyr i

Snarvegar