Skulestart 2023

Velkomen som elev ved Ørsta vidaregåande skule

Det er ei stor glede å få ønskje deg velkomen til eit nytt skuleår og til vidaregåande opplæring ved Ørsta vidaregåande skule måndag 21. august 2023.

Vg1 møter i Ørstahallen kl. 09:00 måndag 21. august

Vg2 og vg3 møter i Ørstahallen kl. 10:00 måndag 21. august

Elevregistrering på skolestart.mrfylke.no
Elevar som takkar ja til skuleplass på vg1 ved Ørsta vidaregåande skule vil få ein sms frå og med 24. juli om å logge seg inn på skolestart.mrfylke.no. Der finn du viktig informasjon og du skal gjere nokre val.

Informasjon og opplæring frå IT-avdelinga
Omlag ei veke før skulestart får dei som har takka ja til skuleplass ein sms med ei lenke til ein opplæringsvideo. Videoen bør de sjå før de startar på skule til hausten. Det er mogleg å gå tilbake å sjå den igjen seinare. Videoen vil inneholde informasjon om korleis de aktiverer brukarkonto, koplar seg på skulen sitt nettverk, korleis de nyttar Microsoft Authenticator appen og korleis de loggar på Microsoft 365.

Viktige datoar i høve inntak:
ca. 3. juli - Svar på 1. gongs inntak
17. juli - Svarfrist 1. gongs inntak
ca. 3. august - Svar på 2. gongs inntak
7. august - Svarfrist 2. gongs inntak
21. august - Skulestart

Spørsmål om inntak
Dersom du har spørsmål om inntaket så er det inntakskontoret på utdanningsavdelinga som kan svare på det. Du kan ringe dei på 71 28 01 50 eller sende ein epost på inntak@mrfylke.no

Lokal venteliste
Lokal venteliste er for deg som ikkje har søkt via Vigo eller skal gjere omval. Om du skal gjere omval er det viktig at du ikkje seier frå deg skuleplassen du har fått. Då kan du risikere å stå heilt utan tilbod.
Etter 2. gongs inntak (tidlegast 10. august) vert det opna for at skulen kan ta inn elevar frå venteliste. Først vert elevar frå den ordinære ventelista tekne inn. Om det er ledige plassar etter det, så vert elevar frå lokal venteliste tekne inn.
Søkarane vert prioritert på denne måten:

1. Søkarar med ungdomsrett (U)
2. Søkarar med fullføringsrett (F) eller vaksenrett (V) er likestilde i inntaket. Det er poengsummen som avgjer.
3. Søkarar med ikkje-rett (I)

Skule-PC
Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan kjøpe eigen bærbar PC sjølv, eller du kan kjøpe elev-pc frå fylkeskommuna. Då får du ei bærbar datamaskin med 3 års garanti og uhellsforsikring, og du betalar ein gong i året, i tre år. Etter det er datamaskina di. Skjer det noko med datamaskina di i denne perioden, blir ho reparert gratis. Les meir om PC-ordninga her: PC til skulestart.
Hugs at all nødvendig programvare, som til dømes Officepakka, får du gratis frå skulen, uavhengig om du nyttar deg av PC-ordninga eller ikkje.

Skuleskyss
Alle elevar som har fått, og takka ja til, skuleplass kan søke om skuleskyss. Du har rett på fri skuleskyss dersom:

- du har meir enn 6 km avstand mellom heim og skule.
- du har behov for skyss, på grunn av funksjonshemming, skade eller sjukdom, uavhengig av avstanden mellom bustad og opplæringsstad.
- det er nødvendig med båt- eller ferjetransport, utan hensyn til reiselengde mellom bustad og opplæringsstaden.

Søknad kan du fylle ut i skuleskyssportalen.
Merk - har du skysskort frå før, så skal dette brukast vidare med ny aktivering etter ny søknad.

Lånekassa
Alle kan få utstyrsstipend, men du må søke. Du skal ikkje betale tilbake stipendet. Søk om utstyrsstipend hos Lånekassen.

Forbruksmateriell
Forbruksmateriell brukt til å lage noko til deg sjølv i undervisninga, blir fakturert i oktober og april.

Kontakt
Har du spørsmål om informsjonen på denne sida, så kan du ta kontakt med skulen via e-post eller telefon.
E-post: orsta.vgs@mrfylke.no
Telefon: 71 28 24 00

 

Snarvegar

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.