Ørsta vidaregåande skule tilbyr ein styrka og utvida elevteneste i tillegg til skulen sine rådgivarar i samarbeid med Ørsta kommune. Skulen har over år utvikla eit godt samarbeid med teneste for psykisk helse og rustenesta i Ørsta kommune. Om elevar ønsker kontakt med tenesta kan dei ta kontakt med kontaktlærar eller ein rådgivar så formidlar vi vidare kontakt. Tenestene bistår skulen med kompetanse og er tilgjengelege for elevane etter avtale. Tenestene kan om nødvendig tilvise vidare til spesialisttenester.
Skulen har helsesjukepleiar lokalisert på skulen onsdag og torsdag kvar veke. Helsesjukepleiar Sanna Driveklepp er tilstade onsdagar og torsdagar frå 0830-1400. Ho har drop-in, men du kan også tinge time på sms: 48005974. Helsesjukepleiar kan henvise til kommunepsykolog, og kan bistå i høve kommunale tenester.
Kommunepsykolog Melinda Garden er inne på skulen på systemnivå/rettleiing til personale i vanskelege saker, ein tysdag i månaden.
NAV er kontorlokalisert på skulen med tilbod til elever og tilsette siste tysdagen i månaden frå 11.30-13.30, stikk innom eller bestill tid via kontaktlærar/rådgjevar. Du finn dei på Ørsta konferanserom (ved rektors kontor).
Skulen har eige IKT-kontor i administrasjonen på A-bygg, der du kan få bistand til din elev-PC
Den samla elevtenesta ved skulen har eit særskilt fokus på elevane si psykiske helse, trivsel og fagleg, samt å gi rettleiing i høve sosialpedagogiske spørsmål, yrkesrettleiing, og skal bistå i høve utplassering/ kontakt med bedrift, opplæringskontrakt og læreplass ilag med kontaktlærar.
Skulen har eigen rådgivar som bistår våre elevar med anna morsmål i høve tilrettelegging i skulekvardagen, oppfølging i høve søknadsprosessen, og som har kontakt med samarbeidspartar utafor skulen.
Skulen har eit godt tilbod til elevar som treng tilpassa opplæring og spesialundervisning. Team for tilpassa opplæring og spesialundervisning har ansvaret for å hjelpe læraren og elevane i høve dette. Målet er at alle skal kunne lære godt i alle klasserom uansett kva utfordringar dei har.
Skulen har miljøarbeidar som samarbeider med elevtenesta, lærarar og kontaktlærarar. Miljøarbeidaren er tett på i skulemiljøet, og følgjer opp elevar som har behov for ekstra og særskilt støtte for å greie skulekvardagen. Miljøarbeidar har ansvar for eit sosialt treff for skulen sine elevar tysdagar frå klokka 13.30 til klokka 15.30 på D-bygget. Godt samvær, god prat, enkle aktivitetar, og eit lite måltid er ein del av tilbodet.
Ørsta vidaregåande skule har eigen rådgivar i høve karriereveg og formidling til læreplass for alle programområde. Rådgivar har medansvar for utplassering og kontakt med bedrifter, opplæringskontrakt, læreplass i lag med kontaktlærar/faglærar i YFF.
Oppfølgingstenesta(OT) for Møre og Romsdal er lokalisert på Ørsta vidaregåande skule. OT arbeider med unge som ikkje har skuletilbod, inntil dei er 21 år. OT tek kontakt med ungdomen for å følgje opp, gi tilbod om t.d. I ung, støtte i høve kontakt med NAV, eller bistå med andre aktivitetar. Denne rådgjevaren koordinerer sosialpedagogisk team på skulen, og har særskilt ansvar for fagfeltet psykisk helse på skulen, og medansvar i høve oppstart av fokus grupper etter IKO-modell (Identifisering, kartlegging, oppfølging) gjennom fokusmøte som er eleven sitt faste samarbeidsmøte ca kvar 5.veke. Samarbeidet skal ha fokus på oppmøte, sosialt og fagleg.
Dei sosialpedagogiske rådgjevarane på skulen
Rådgjevar Margun Vartdal Romestrand har ansvar for:
VG1 Helse- og oppvekstfag
VG2 Helsefagarbeidar
Vg2 Helseservicefag
VG2 Barne- og ungdomsarbeidagfag
VG1 Restaurant- og matfag
VG2 Kokk – og servitørfag
Ho har også ansvar for karriererettleiiing for same programområde
Rådgjevar Ausra Mork har ansvar:
VG1 Teknikk og industriell produksjon
VG2 Industriteknologi
VG2 Køyretøy
VG2 Arbeidsmaskin
VG1 Bygg- og anleggsteknikk
VG2 Byggteknikk
VG1 Elektrofag
VG2 Elenergi
VG2 Automasjon
VG3 Automatiseringsfaget
Ho har også ansvar for karriererettleiing innan same programområde
Dei spesialpedagogiske rådgjevarane på skulen
Anne-Mette Sætre er leiar i teamet for tilpassa opplæring og spesialundervisning.
Ho har det spesialpedagogiske ansvaret i desse klassene:
VG1 Teknikk og industriell produksjon
VG2 Industriteknologi
VG2 Køyretøy
VG2 Arbeidsmaskin
VG1 Bygg- og anleggsteknikk
VG2 Byggteknikk
VG1 Elektrofag
VG2 Elenergi
VG2 Automasjon
VG3 Automatiseringsfaget
VG1 Restaurant- og matfag
VG2 Kokk- og servitørfag
Spesialpedagogisk rådgjevar Tone Hoggen Foldal har ansvar for desse klassene:
VG1 Helse- og oppvekstfag
VG2 Barne- og ungdomsarbeidarfag
VG2 Helsefagarbeidar
Vg2 Helseservicefag
Spesialpedagogisk rådgjevar Marianne Mork har ansvar for:
TPO-Avdelinga og læringsaktivitetane der.
Rådgjevar Beate Mork har ansvar for:
Rådgiving i høve karriereveg og formidling for alle programområder
Ann Turid Andersen Egset
OT rådgjevar/rådgjevar/koordinator for sosialpedagogisk team, og koordineringsansvar for fagfeltet psykisk helse
Miljøarbeidar:
Rune Homlong
Helsesjukepleiarar:
Sanna Driveklepp
Verneombod:
May Brit Roseth
Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.
Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.
Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:
Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.
Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.
Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.
Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.
Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.