Vidaregåande opplæring for vaksne

Vidaregåande opplæring for vaksne er eit gratis tilbod som innbyggarane i Møre og Romsdal kan søke om frå det året dei fyller 19 år. Vi tilbyr studiekompetanse, fleire yrkeskompetansar og fag-/sveinebrev.

Her kan du lese meir informasjon om vidaregåande opplæring for vaksne.

Ressurssenteret Søre Sunnmøre startar med teknologi - og industrifag for vaksne frå hausten 2026. Undervisningstad er Ørsta VGS, og det vert undervisning ein dag i veka. Aktuelle sluttkompetansar er industrimekanikarfaget, CNC-maskineringsfaget og sveisefaget. Ta kontakt med Ressurssenteret for meir informasjon! Dersom du ønsker å søke kan du gjere dette på vigo.no.

Brosjyre Ressurssenteret Søre Sunnmøre - Videregående opplæring for vaksne.pdf (PDF, 404 kB)