Ungdommens fylkesråd

Ungdommens fylkesråd er eit rådgivande organ for Møre og Romsdal fylkeskommune i alle saker som gjeld ungdom.

Gjennom Ungdommens fylkesråd skal ungdom i Møre og Romsdal ha reell medverknad, påverke politiske saker i fylkeskommunen, auke ungdommar sitt samfunnsengasjement og bidra til opplæring og erfaring i demokratiske prosessar.