Måndag 9. til fredag 13.november ynskjer vi elevar frå ungdomsskulane på Søre Sunnmøre velkomne til å besøke skulen vår. Vi gler oss til å ta imot dykk!
Både elevane og lærarane våre vil gjere sitt beste for å gi dykk eit godt innsyn i, og ei god oppleving av innhaldet i ein skuledag hjå oss. Og, ikkje minst, fortelje om kva yrkesfagleg utdanning går ut på, og dei ulike moglegheitene for vegen vidare mot læreplass og fullført yrkeskomptanse.
Meir informasjon om opplegg for hospiteringsveka kjem etterkvart.