Elevundersøkinga
Elevundersøkinga er ei årleg, nasjonal undersøkinga frå Utdanningsdirektoratet der elevane får seie si meining om læring, trivsel og skulemiljø. Svar frå elevane gir skulen viktig kunnskap om kva som fungerer godt, og kva vi kan bli betre på. Målet er å sikre eit trygt og godt læringsmiljø for alle elevar. Alle svar er viktige og bidreg til å utvikle skulen vidare.
Ved Ørsta vidaregåande skule blir Elevundersøkinga gjennomført i perioden 21. oktober – 4. november 2026.
Meir informasjon til elevar og føresette finn du på nettsida til Utdanningsdirektoratet:
Slik behandlar vi personopplysningar i Elevundersøkinga – Udir
Undervisningsevalueringa
Undervisningsevalueringa gir elevane høve til å gi tilbakemelding på undervisninga dei får. Tilbakemeldingane er ein viktig del av skulen sitt arbeid med å utvikle og styrkje kvaliteten på opplæringa. Vi oppmodar alle elevar om å delta. Svara bidreg til at vi kan vidareutvikle undervisninga og leggje best mogleg til rette for læring. Ved Ørsta vidaregåande skule blir undervisningsevalueringa gjennomført i perioden 17. november–12. desember 2026. Meir informasjon kjem.
Ungdata
Ungdata er ei spørjeundersøking som blir gjennomført blant ungdom over heile landet, mellom anna ved vidaregåande skular. Undersøkinga handlar om korleis ungdom har det, og kva dei gjer på fritida. Svar frå ungdomane gir kunnskap om livssituasjonen deira og kan bidra til betre forståing av kva ungdom treng i kvardagen. Ved Ørsta vidaregåande skule blir Ungdata-undersøkinga gjennomført i februar 2027.
Meir informasjon til elevar og føresette finn du på nettsida til Ungdata:
Informasjon til elevar på vidaregåande som deltek i Ungdata – Ungdata