Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Reglar

Reglar

Alle elevar ved Ørsta vidaregåande skule har rett til eit godt fysisk og psykosoialt miljø, som er rusfritt, fritt for mobbing, vold og annan krenkjande åtferd og som legg til rette for ei positiv individuell utvikling. 

Det er lovfesta kva krav som blir stilt til elevane sitt skulemiljø gjennom opplæringslova, og det har blitt vedteke ein eigen handlingsplan mot mobbing, den finn du som dokument på menyen på høgre side. 

Ordensreglementet

Føremålet med ordensreglementet er å skape samarbeid, trivsel, respekt og medansvar for alle i skulesamfunnet og legge grunnlaget for vurdering i orden og åtferd. Reglementet gir reglar om elevens rettar og plikter, så langt dei ikkje er nedfelt i lov eller på annan måte. Reglementet inneheld reglar om orden og åtferd, reglar om kva slags tiltak som skal kunne brukast mot elevar som bryt reglementet, og reglar om framgongsmåten når slike saker skal behandlast. Alle har ansvar for å vise respekt og medansvar, og unngå eller hindre åtferd som har negativ verknad på miljøet. Ordensreglementet finn du her.

IKT-reglementet

Som elev må du rette deg etter det gjeldande IKT-reglementet. Dette reglementet finn du her.

I menyen til høgre finn du snarvegar til reglar som gjeld både eksamen, fråvær og klage. 

Frå 1. august 2016 er det komen nye reglar for fråvær i vidaregåande skule. Dei kan du lese meir om her

Du kan også lese meir om reglement på skulen her

Snarvegar

Dokument

Handlingsplan mot mobbing
PDF-dokument - 82,19 kB