Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Visjon

Visjonen vår er: "meistring gjennom aktivitet og utforsking"

Ørsta vidaregåande skule skal gi elevane høve til å bli med på ei reise som skal kvalifisere dei til yrkesliv, samfunnsliv og livslang læring. Målet er at alle i skulesamfunnet skal erfare ny kunnskap og personleg meistring gjennom aktiv deltaking og fagleg nysgjerrigheit. Saman skal vi gjere dei kompetente til å møte ei framtid i sterk endring.

På reisa skal alle vere med, og alle i skulesamfunnet  skal vise kvarandre omsorg og respekt.