Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om skulen

Velkomen til Ørsta vidaregåande skule

Ørsta vidaregåande skule er eit naturleg sentrum for yrkesutdanninga på Søre Sunnmøre. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen vår for at du som elev skal oppleve å lukkast i utdanninga. Skulen er ein av dei mest tradisjonsrike yrkesskulane med ei unik historie over 50 år, der vi utdannar yrkesutøvarar i fylket, nærmiljøet og regionen.
Vi er ca. 300 elevar og eit 70- tal tilsette fordelt på seks utdanningsprogram: Bygg- og anleggsteknikk, Design og handverk, Elektrofag, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Teknikk- og industriellproduksjon.  Skulen er ikkje større enn at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.
Som elev ved Ørsta vidaregåande skule blir du sterkt delaktig i eit skulesamfunn med stor fagleg breidd og eit tett sosialt fellesskap. Eit skulesamfunn som er den viktigaste arbeidsstaden for deg som elev, der du er avgjerande for at det skal verte eit godt skule- og læringsmiljø. Det skjer gjennom aktivitet med medelevane og dei tilsette ved skulen.
Vår visjon, "Meistring gjennom aktivitet og utforsking", kan gi deg som elev ein solid læringsplattform der kunnskap og sosiale opplevingar står i fremste rekke.
Skulen har mykje kompetanse i dyktige tilsette, engasjerte elevar og eit nettverk av lokalt næringsliv. Dette er avgjerande for å utvikle skulen i vår region. Saman skal vi derfor bygge vidare på tidlegare kunnskap og skape ein robust og berekraftig skule både for den enkelte eleven og for nærmiljøet.
 

 

Kontaktpersonar

Roger Andre Fylling Roger Andre Fylling
Rektor
71 28 24 10 /
Mob. 934 41 678
Send e-post
Solrun Vadstein Sætre
Ass rektor
71 28 24 13 /
Mob. 993 58 565
Send e-post
Roar Jan Eide
økonomileiar
71 28 24 11 /
Mob. 905 15 346
Send e-post
Eldar Lund
Avdelingsleiar
71 28 24 12 /
Mob. 473 18 624
Send e-post
Odd Erik Engetrøen
Fagleder
71 28 24 16 /
Mob. 970 84 148
Send e-post
Anne-Marit Bae Anne-Marit Bae
Fagleder
71 28 24 15 /
Mob. 481 26 285
Send e-post
Ann Kathrin G Sætre Ann Kathrin G Sætre
Fagleder
71 28 24 14 /
Mob. 971 28 151
Send e-post
Guro Buset
Konsulent
71 28 24 02
Send e-post
Hildur Hovdenakk
Konsulent
71 28 24 03 /
Mob. 938 85 476
Send e-post
Ann Kristin Eikrem
Konsulent
71 28 24 04
Send e-post

Snarvegar