Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Viktig informasjon om skuleskysskort

Viktig informasjon om skuleskysskort

Skuleskysskorta som elevane allereie har skal nyttast til kommande skuleår.

Elevane må ta godt vare på kortet, då det er det som skal nyttast gjennom heile skuleløpet. Dette gjeld sjølv om eleven flyttar, byttar skule eller anna. 

Elevane må bestille erstatningskort, dersom kortet manglar til neste skuleår. Dette kostar då 100,-.

Ber difor om at alle tek vare på skuleskysskorta sine over sommaren, så ein slepp å bestille nytt.