Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Viktig informasjon om skuleskyss

Viktig informasjon om skuleskyss

Her kjem viktig informasjon frå fylket om skuleskysskort for alle elevar, både tidlegare og komande.

  • Ta godt vare på skuleskysskortet, dette skal nyttast igjen til hausten.
  • Elevar må søkje om skuleskyss etter å ha fått tildelt og godtatt endeleg skuleplass.
  • Søknaden om skuleskyss må vere inne før utgangen av juli for at skuleskysskortet skal vere hos skulen til skulestart for dei elevane som ikkje har hatt skuleskyss før, eller av andre grunner må ha nytt skuleskysskort.
  • Ved å søkje om skuleskyss oppdaterast skuleskysskortet automatisk for dei som oppfyller krava som gratis skuleskyss.
  • Elevar som har mista skuleskysskortet sitt i løpet av sommaren bestiller erstatningskort gjennom skulen.
  • Elevar søkjer på skuleskyss gjennom sjølvbeteningsløysninga her: https://skoleskyss.mrfylke.no/

 

  • App kjem i løpet av skuleåret. Meir informasjon vil kome i forkant. Vi beklagar at denne ikkje er klar til skulestart slik vi hadde håpa og sett føre oss. Dette er informasjon vi vil gi til elevane når produktet er klar.