Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Viktig informasjon om inntak til skuleåret 2019/2020

Viktig informasjon om inntak til skuleåret 2019/2020

Viktig informasjon i forbindelse med inntak til videregående opplæring skoleåret 2019/2020. 

I år blir det ikkje sendt ut svarkort og purrekort etter 1. inntaket slik som vi tidlegere har gjort. Dette betyr at søkjarane vil få melding på sms og e-post frå oss ca. 5. juli når inntaket er klart med melding om å logge på vigo.no for å registrere svar innen fristen 12. juli.

Dei søkjarane som ikkje svarar på tilbod om skuleplass og-/eller ventelisteplass innan fristen 12. juli vil miste tilbod om plass og-/eller ventelisteplass.

Dei som får tilbod om plass og-/eller ventelisteplass i 2.inntaket vil få melding om dette ca. 2. august og vi gjer oppmerksom på at det er svært kort svarfrist. Fristen er 5. august. Dei som ikkje har svart innan 5.august vil miste tilbod om plass og-/eller ventelisteplass og bør ta direkte kontakt med skulen og be om å få stå på lokal venteliste.

Vi ser at ein del søkjarar ikkje har registrert mobilnummer og-/eller e-postadresse på vigo.no. Vi oppfordrer på det sterkeste alle søkjarar om å registrere desse opplysningane på vigo.no slik at du får melding om inntak frå oss og andre viktige meldingar inntakskontoret sender ut.

Søkjarar som av ulike grunnar ikkje har tilgang til vigo.no må sjølv passe på frist for å registrere svar innan fristane. Søkjarane kan ringe oss på telefon 712 80 150 eller sende oss e-post på inntak@mrfylke.no. Frå 5. juli vil vi ha telefontid fra 09-11 og 12-14.

Til slutt gjer vi oppmerksom på at frist for å registrere forhåndssvar på vigo.no er 1. juli. Vi kan hjelpe søkjarar som ikkje har tilgang til vigo.no med å registrere dette før 1. juli. Søkjarane må då ta kontakt med inntakskontoret på 712 80 150.

Søkjarar som av ulike årsaker ikkje oppheld seg i Norge i periodane inntaket leggast ut og har problemer med på svare på vigo.no ringe inntakskontoret på telefon 712 80 150 for å svare på plass.

Ta gjerne kontakt med inntakskontoret ved spørsmål.