Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Vi har vore på besøk på VG2 Køyretøy

Vi har vore på besøk på VG2 Køyretøy

Vi tok oss ein tur inn i verkstaden til VG2 Køyretøy og fekk eit innblikk i den aktive skulekvardagen deira. 

For å kunne gå VG2 Køyretøy, må du først ha gått VG1 Teknikk og industriell produksjon.

Dette er to spanande år med utfordrande oppgåver og ein kreativ veg inn i arbeidslivet.

I bilmekanikarfaget lærer ein seg å arbeide sjølvstendig og utvikle sine evner, noko som gjer bilmekanikarane attraktive i mange fleire yrker. 
Du kan som elev velje fleire vegar innanfor køyretøyfaget, meir informasjon om dei ulike retningane finn du her.
Søkartalet til denne fagretninga har auka med 19 % siste skuleåret på landsbasis, fortel faglærar Hogne Kalvatsvik.

Elevane tykkjer det er kjekt å ha ein varierande skulekvardag der dei får arbeide med hendene, og at dei vert utfordra til å arbeide løysingsorientert og på eiga hand.  

Køyretøy-elevane tek på seg arbeid i regi av skulen til privatpersonar, alt i frå å skifte dekk, sette diagnose, men også utføre reparasjonar og anna arbeid.
Dette gir dei motivasjon til å yte betre og gjere eit godt arbeid.

For ikkje lenge sidan besøkte dei Tesla i Ålesund. Elevan fann bedriftsbesøket spananade og motiverande, då det el-bilar er ein litt anna typer bil, enn kva dei arbeidar mest med på verkstaden.

 

Bileta er publisert med samtykke frå faglærar og elevar.

Fotograf: Ann Kristin Eikrem/Hogne Kalvatsvik