Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Vi fortsetter gradvis opning av skulen 12.mai

Dokument

Vi fortsetter gradvis opning av skulen 12.mai

Regjeringa heldt pressekonferanse på kvelden 7. mai, med beskjeden om at vidaregåande skule kan starte opp frå veke 20. For Ørsta vidaregåande skule betyr det at vi tek sikte på å starte jf. timeplan på tirsdag den 12.5. Det kan verte avdelingsvise tilpassingar jf. ny rettleiar for smitteverntiltak i vidaregåande opplæring. Avdelingsleiar vil i såfall orientere avdelingar og klasser der alternativ tilbakeføring vil bli aktuelt. 

Skulen med tilsette ser fram imot å sjå elevane kome attende, til ein litt meir vanleg skulekvardag.

Beredskapsleiing og leiargruppa ved skulen har derfor vedteke at mandagen 11. mai, vert elevfri skule, med samarbeid teamvis for tilsette og å sikre tilbakeføringa av tilsette og elevar på ein trygg og god måte.