Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Vellukka Innovasjonscamp!

Dokument

Rettleiarar og jury
PDF-dokument - 120,82 kB

Vellukka Innovasjonscamp!

Det vart ein svært vellukka dag med Innovasjonscamp ved Ørsta vidaregåande skule, onsdag 04. desember 2019. Elevane fekk nytte kreativiteten sin på tvers av fagområder som vi har ved skulen. Alt i alt ein flott og inspirerande dag. 

Første plass gjekk til gruppe 3, med tema/tittel Utforskingsrom.

Eit produktområde med utgangspunkt i spennande tverrfagleg samarbeid mellom gruppa sine fagområde, barne- og ungdomsarbeiderfaget og bygg- og anleggsteknikk.

Deltakarar: (BUA) Julie Madeleine Lødemel frå Hornindal, Kaja Celine Mork frå Volda, Erika Myklebust frå Ørsta, (BYA) Ingebrikt Hole-Tafjord, Jørgen Andreas Moe frå Ørsta, Trine Kile.

Juryen si grunngjeving: Gruppa har sett seg godt inn i brukargruppa, tenkt stort spenn, barnehage, skule, hotell, opplevingssenter, barn, unge, eldre, med ulike og samansette behov.

Dei har brukt fagkunnskapen sin på ein god måte, samarbeidd på tvers, utnytta begge fagområda sine potensiale og moglegheiter, sett nye løysingar på tvers av fagområde, jobba målretta og grundig. Heiltheitleg og gjennomført. Stort marknadspotensiale, som absolutt er gjennomførbart! God presentasjon, med gode forklaringar og utdjuping av ideen.

 

Andre plass gjekk til gruppe 7, med produktet Stokken. Ein multifunksjonell "blindestokk".

Juryen si grunngjving: Stor innovasjonsgrad, godt hjelpemiddel med eit god og fengjane slagord: Eit syn for dei blinde!

 

Tredje plass fekk gruppe 12, med produktet Spillvatn.

Juryen meinte ideen hadde eit stor marknadsområde, var miljøvennleg. Det var tenkt gjenbruk, gratismateriale, og svært innovativt.

Gruppa hadde ein svært god presentasjon, med gode forklarande teikningar, firmanamn, med forretningside og finansiering på plass.

 

Til høgre finn du eit dokument med jury og rettleiarar, tusen takk for god innsats! 

 

Leverte på høgt nivå!

Juryen var elles svært imponerte over alle dei tjue gruppene sine forretningsplanar og kreativitet. Innovativ og variert, med stort spenn i produkt og tenester som vart presentert. Alle med fleire fagområde involvert. Gruppene var samansett på tvers av fagområda dei utdannar seg i- dette vart godt utnytta av elevane.

Alle presenterte munnleg framfor både jury og medelevar, og leverte på høgt nivå. Såleis var alle vinnarar!

 

Tekst: Beate Mork

Tusen hjerteleg takk til "innovasjonssjefen" Beate Langeland Mork for ein flott innsats ved Innovasjonscampen. Ho har stått på og gjort ein god jobb for at elevar og andre deltakarar skal ha ein nytenkande og innoverande dag!