Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Velkomen til skulen vår!

Velkomen til skulen vår!

Eit nytt skuleår skal til å starte, og vi er klare til å ta i mot alle som skal gå VG1, VG2 eller VG3.

Vi gler oss til å møte deg, og ynskjer å bidra til at akkurat din skulekvardagen din skal bli triveleg og lærerik.

Første skuledag blir måndag 21. august 2017. 

Generell informasjon om vidaregåande skule i Møre og Romsdal fylke finn du på heimesida til fylket. 

Her finn du informasjon om PC-ordninga og om skuleskyss

Du kan allereie no søkje om stipend ved Lånekassen sine sider om du har fått skuleplass, og husk at alle elevar med ungdomsrett har krav på utstyrsstipend. Dette må ein søkje om sjølv gjennom Lånekassen sine sider. 

Skulebøker vil bli utlevert frå og med første skuledag, så ta med deg sekk allereie første skuledag. 

Du kan lese meir om ditt val av studieretning på vilbli.no, her får du praktisk informasjon og kan førebu deg på ein spanande og ny skulekvardag!

Vi er klare for eit nytt skuleår med nye og eksisterande elevar, og ser fram til skulestart! 

Ha ein god sommar vidare. Vel møtt! 

Smiley