Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Velkomen til opning av handverksbutikk ved Ørsta vidaregåande skule

Velkomen til opning av handverksbutikk ved Ørsta vidaregåande skule

I dei tidlegare kantinelokala på A-bygget ved Ørsta vidaregåande skule, held ein no på å ferdigstille "elev-handverksbutikken" til opning torsdag 8.februar 2018 kl. 10.00.

Det er VG2 Blomsterdekoratør som har teke initiativ til denne butikken, men det er viktig å presisere at dette er ein handverksbutikk, som skal representere breidda ved dei ulike avdelingane vi har her på skulen.

Butikken skal vere ein læringsarena for elevar som skal forberede seg på arbeid i butikk.  

I butikken vert det sal av varer som elevane lagar i undervisninga.

Målet for denne butikken er at den skal nyttast av alle avdelingane på skulen, der elevane produserer varer i undervisninga, for sal i butikk.

Dokke er med dette inviterte til å vere med og skape ein allsidig butikk med elevarbeid og aktivitet.

Butikken vil ta bankkort. Dei elevane som betjener butikken, sel produkt frå alle avdelingane.

Klasser som ikkje har produksjon av varer som dei kan selje, har høve til nytte lokalet til andre aktivitetar, som til dømes "vafledag". Dette vil óg skape liv og røre i hallen.

Ynskjer alle velkomen til opninga av elevbutikken torsdag 8. februar kl. 10.00. Den vert markert med kaffi og kake!