Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Veiledning og informasjon om psykisk helse i skulen

Foredrag med Adil Khan gjennom VIP

Tysdag 25. oktober er det duka for foredrag med Adil Khan - "Våg og følg ditt hjerte". Det startar 08.10 og varar til 10.00, i kinosalen. Alle elevane ved skulen skal vere med på det. 

I tillegg er det VIP-samling i kinosalen for VG1-elevane, onsdag 26. oktober, kl. 09.00-11.30.

Fredag 28. oktober blir det klasseromsbesøk for VG1-elevane. 45 minutt for kvar klasse. 

NB! Elevar som har gjort avtale torsdag 27. oktober, får tilbod om avtale torsdag i veke 44 i staden for.

Adil Khan (seher.no)

I år er vi stolte av å kunne invitere inn til eit samarbeidsprosjekt. Fylkeskommuna ved Ørsta vidaregåande, Rus-og psykiske helseteneste i Ørsta kommune, Rus-og psykisk helseteneste i Volda kommune, Mental Helse Volda/Ørsta og Opplæring og oppvekst i Volda kommune. Saman dreg vi lasset. 

Adil Khan har takka ja til å kome hit og halde foredrag til våre ungdomar og tilsette ved Ørsta vidaregåande skule.
Adil Khan (33) vaks opp i Oslo vest med utenlandske foreldre som ynskja at han skulle lukkast i det norske samfunnet.
Dansaren har sidan stått på fleire scener, både TV, film og teater.
Hans foredrag handlar om motgong, tilhørigheit, meistring, sjølvverd, mot og kjærleik.
Kan ein snu motgong i livet om til ei styrkje? Adil fortel kor viktig tilhørigheit og sårbarheit er for den psykiske helsa vår. (verdensdagen.no