Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Utstilling ved Aune Sand

Utstilling ved Aune Sand

Bra start på veka med utstilling ved Aune Sand!

Måndag, 08.05.2017 var VG1 Design og handverk og ei klasse frå VG1 Helse og oppvekst på besøk i Kunsthuset i Ørsta på utstilling til Vebjørn Sand som blei presentert av tvillingbroren Aune Sand.

Elevane fekk møte ein engasjert Aune Sand, som handhelste på alle elevar og ga dei eit foredrag om kunstnaren og broren Vebjørn Sand sitt arbeid. Han fortalte om ideane bak ein del bilete, og om korleis kunstnaren arbeida både med komposisjon og anna.

Sidan det var 08. Mai og frigjeringsdagen fekk dei eit spesielt innblikk i ein del av bileta knytte til andre verdskrig. Det blei fortalt om kor viktig demokratiet er og dette med at grupper av menneske vert undertrykte. Individets val stod sentralt som tema i mange av bileta. Veldig spennande og ein annaleis skuletime!

Foto: Tonje Indrearne og Beate Mork
Tekst: Pauline Anna Masdal