Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Utprøvingsdagar på Ørsta vidaregåande i veke 47.

Utprøvingsdagar på Ørsta vidaregåande i veke 47.

Vi er svært glade for at så mange elevar frå ungdomsskulane på Søre Sunnmøre vel å besøke skulen vår i veke 47. Vi gled oss til å ta imot dykk, og våre lærarar vil gjere sitt ytterste for å gi dykk innsyn og oppleving av innhaldet i ein skuledag. Vi er glad for å kunne meddele at vi tek i mot elevar alle dagar heile veka til våre program.

ørst vgs

 

Vi tek imot elevane alle dagane til ein felles oppstart i auditoriet i D- Bygg

kl 09.15. Etter ein kort velkomst går de i samla flokk til det aktuelle arbeidslokale i lag med ein lærar.

 

Skuledagen avsluttast kl 13.30 for alle utdanningsprogram.

 

Alle må ha med matpakke, drikke  og skrivesaker. Dei som treng verneutstyr får det utdelt på skulen. Dei som skal til RM får hatt og forkle utdelt.

 

 

Våre dagar i veke 47 er og tal på elevar:

 

Resturant og Matfag (RM): mandag-12, tysdag-11

Helse- og oppvekstfag (HO): mandag-16, og tysdag-22, onsdag 11

Elektrofag (EL): mandag-20, tysdag-20, onsdag-20 og torsdag- 7

Byggfag (BA): mandag-16, tysdag-15 og onsdag-8

Teknikk- og industriell produsjon (TIP): mandag-18, tysdag-20 og onsdag-9

Design- og handverk (DH): måndag-22 og onsdag-15

 

Ver obs på at det kan kome små justeringar som vi ordner internt, og i samråd me ddei det gjeld. 

Då ser vi fram til å ønskje dykk velkomen til skulen vår, og vi håper at dette vert ein flott og lærerik dag.