Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Undervisningsevalueringa 2018

Undervisningsevalueringa 2018

Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2018-19

Det er politisk vedteke at vidaregåande skular i Møre og Romsdal fylke skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skuleår. Målet med evalueringa er at den skal vere eit verkty for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil bli brukt i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa.

Evalueringa gjennomførast som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane skal gjennomføre i skuletida. Det er frivillig for elevane å svare på undersøkinga, men vi oppmodar alle elevar til å delta. Svara blir behandla konfidensielt, og ingen vil kunne identifisere enkeltsvar. Det vil berre bli utarbeidd rapportar for grupper med 5 eller fleire svar.

Elevane skal evaluere undervisninga til lærarar. Den enkelte elev skal svare på evalueringa éin eller fleire gongar. Talet avheng av kor mange av eleven sine undervisningsgrupper som blir valde ut til å evaluere. Det er også mogleg at ein elev ikkje skal evaluere nokre grupper. Det er skuleadministrator som har bestemt kva grupper som evaluere. Spørsmåla er like for alle fag/undervisningsgrupper. Spørjeskjemaet er utvikla i samarbeid mellom Rambøll og Møre og Romsdal fylkeskommune. Skjemaet inneheld spørsmål fordelte på fem tema; eleven si meistring og motivasjon, vurderingspraksis, støtte frå lærar, læringsmiljøet i gruppa og faglege utfordringar og forventningar.

Om de har spørsmål til undersøkinga, kan de kontakte Møre og Romsdal fylkeskommune ved rådgjevar Harald Johnny Tomren (harald.johnny.tomren@mrfylke.no) eller Monica Solheim (monica.solheim@mrfylke.no) eller seksjonsleiar Helene Loe Arntsen (helene.loe.arntsen@mrfylke.no).

 

Med venleg helsing

Roger A. Fylling

Rektor, Ørsta vidaregåande skule