Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Tilbod om vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse

Tilbod om vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse

Folkehelseinstituttet tilrår at ungdom i alderen 16–19 år, vaksinerer seg mot meningokokksjukdom (smittsam hjernehinnebetennelse). Tilrådinga gjeld òg yngre og eldre ungdomar.
Helsesjukeplaiar på skulen tilbyr no ei kombinasjonsvaksine (Nimerix) som vernar mot alle dei fire gruppene av meningokokkbakteriar.
På lik linje med andre vaksinar som ikkje blir tilbydde i barnevaksinasjonsprogrammet, må vaksinen betalast av kvar enkelt. Nimenrix kostar kr 500 per dose, og må betalast kontant ved vaksinering.
Sidan vaksinen må bestillast inn særskilt, må helsesjukepleiar ha bindande melding frå dei som vil ha vaksinen.
Alle 1. klassingar vil få utdelt eit informasjonsskriv med ein påmeldingsdel, av kontaktlærar.
Dei 2. og 3. klassingane som ikkje allereie har tatt vaksine, kan hente informasjonsskriv med påmeldingsdel ved ekspedisjonen.
Påmelding til vaksinasjon leverer de inn til ekspedisjonen innan 26. september 2019. For elevar under 18 år, må påmeldingsdelen vere underskriven av føresette.
Dato og klokkeslett for vaksinering, kjem seinare.

Kva er smittsam hjernehinnebetennelse (meningokokksjukdom)?
Smittsam hjernehinnebetennelse kjem av at meningokokkbakteriar hos enkelte smitta personar, finn vegen til hinnene rundt hjernen og gi betennelse der. Andre gonger kan bakteriane formeire seg i blodet (blodforgifting) og skade viktige organ. Sjukdomen utvikler seg ofte raskt, og om lag 10 % av dei som får han, døyr.
Friske personar kan ha meningokokkar i halsen utan å bli sjuke, men dei kan smitte andre. Sjukdomen smitter via spytt.
Kvifor er ungdom spesielt utsett?
Friske ungdomar har oftare meningokokkar i halsen enn andre. I tillegg deltek dei i aktivitetar som aukar risikoen for smitte og for å bli alvorleg sjuke. Slike aktivitetar er til dømes tett samver med andre ungdomar over fleire dagar med festing der det er høgt alkoholforbruk, deling av flasker og sigarettar, aktiv/passiv røyking og lite søvn. I Noreg gjeld dette spesielt russefeiring, men kan òg vere aktuelt ved festivalar, idrettssamlingar, ungdomsleir og liknande.
Fordi sjukdomen utvikler seg raskt, er det svært viktig å komme tidleg til sjukehus. Fyllesjuke, utmatting og meningokokksjukdom kan likne på kvarandre. Pass på kvarandre og ta kontakt med helsepersonell dersom du trur at nokre av venene dine kan vere sjuke, særleg dersom dei har redusert bevisstheit.
Korleis kan ein verne seg?
Risikoen for å utvikle meningokokksjukdom er lågare dersom du ikkje deler flasker og glas med andre, får nok søvn, har eit lågt alkoholforbruk og unngår røyking.
Og ein kan vaksinere seg mot meningokokkar. Vaksinasjon med Nimerix mot meningokokk A, C, W og Y består av éin dose. Etter vaksinasjon tek det ca. to veker før den gir vern. Vernet varer i ca. 5 år.
Sjå elles informasjonsskrivet lagt ved påmeldingsskjemaet.