Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Restaurant- og matfag - tenk at kunnskap kan smake så bra!

Restaurant- og matfag - tenk at kunnskap kan smake så bra!

Etter to kulinariske og kreative år er elevane ved restaurant- og matfag særs ettertrakta i Noregs største bransjar.

Restaurant- og matfag er ei to-årig utdanning, der du startar ved VG1 Restaurant- og matfag, for så å gå vidare på VG2 Kokk- og servitørfag som Ørsta vidaregåande skule tilbyr. Du kan også velje fleire retningar på VG2.

  • Utdanninga er tilrettelagt slik at som elev lære ein alt frå det tradisjonelle, det internasjonale og dei heilt nyaste trendane innan faget.
  • Ein lære teknikk og kunnskap som ein verkeleg får nytte av ute i arbeidslivet.
  • Du lære kunnskap du tek med deg vidare på høgskule og universitet.
  • Du lærer ikkje berre om mat og drikke, men tilegnar deg kunnskap om kosthald og helse, bransjelære, marknadsføring, kundebehandling og det å starte eller drive eigen bedrift.

Her er mange moglegheiter

I løpet av skuletida deltek elevane på fleire spennande arrangement eller aktivitetar.
Der ein kan oppleve læring av fagstoff gjennom praktisk aktivitet.
Det elevane held på med akkurat no er årets Næringskonferanse.
I år er det «Harry Potter» tema. I fjor var temaet «Star Wars».

Elev legge opp mat på tallerken

Elev legge opp mat på tallerken

Hospitering eller utplassering i bedrift skjer i både lokale og internasjonale bedrifter.
Vi har i denne perioden utplassert elevar heilt sør til Spania, Ørsta, Volda, Stavanger, Tromsø og så langt nord som til Svalbard.

Etter VG1 og VG2 er det mange val.

  • Du kan gjerne gå vidare på skule eller velje læretid i bedrift.
  • Etter to års læretid i bedrift får du fagbrev.
  • Vil du utdanne deg vidare på høgskule og universitet er den vegen open både før og etter fagbrev.
  • Til vidare utdanning er der fleire fagskuler og bachelor og master alternativ.
  • Som til dømes master program innan mat-teknologi, ernæring og helse, hotell- og restaurantleiing og reiseliv.

Uansett kva du til slutt vel kan du prøve deg fram i ei fantastisk spennande verd av smakar og opplevingar.

Husk at det er vegen som ofte er målet - og det er ein deilig og smakfull veg å gå.

Elev i aksjon
Lammeskank med tilbehør

Lammeskank med tilbehør

 
Elev lagar til valentinesdessert

Elev lagar til valentinesdessert

Næringskonferanse 2016, Star Wars-tema

Næringskonferanse 2016, Star Wars-tema

Trøflar, jordbær, bringebærcoulis, nugatin og sjokolademousse

Trøflar, jordbær, bringebærcoulis, nugatin og sjokolademousse

 

Restaurant- og matfag har ein eigen youtubekanal, der dei legg ut videosnuttar av kvar dei deltek og korleis skulekvardagen deira er.

Bileta er publisert med samtykke frå elevar og lærar.

Takk til Trond Urkegjerde, lærar ved VG2 Kokk- og servitørfag for fine bilete og innspel.