Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Nye fråværsreglar frå 01. August 2016.

Husk å lese om dei nye fråværsreglane!

Det er komen nye reglar om fråvær som trer i kraft frå 01. august 2016

Frå 01. August 2016 er det ei fråværsgrense i vidaregåande skular. Hensikta med denne er å motivere elevane til ein jamn innsats, og å forhindre skulk. 

Fråværsgrensa gjeld for alle elevar i vidaregåande skule, men ikkje for lærlingar, lærekandidatar og vaksne. Elevar som tek VG3 alternativ fagopplæring i skule omfattast heller ikkje av fråværsgrensa, sidan dei verken får halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter. 

Dei nye bestemmelsane er nedfelt i forskrift til opplæringslova § 3-3, siste ledd:

I vidaregåande skule skal eleven ikkje få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter ved fråvær i meir enn 10 prosent av timane i faget. Eleven kan likevel få vurdering med karakter dersom det er dokumentert at fråvær i meir enn 10 prosent av timane i faget skyldast slike grunnar som er nemnde i § 3-47 femte ledd bokstav a til f og åttande ledd. Dersom årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa på 10 prosent skal gjelde, kan ein elev som har inntil 15 prosent udokumentert fråvær i eit fag, også få vurdering med karakter. Avgjerda ligg hos rektor. Læraren må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter, jf. tredje ledd.

Dette vil då sei at: 

  • Elevar i vidaregåande skule skal møte opp og delta aktivit i opplæringa.
  • Viss ein elev har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i eit fag, vil han eller ho som hovudregel ikkje ha rett til å få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget, og læreraren kan heller ikkje sette slike karakterar.
  • Eleven må legge fram relevant dokumentasjon for å få fråvær unnateken frå fråværsgrensa.
  • Viss eleven har mellom 10 og 15 prosent udokumentert fråvær og fråværsårsaken gjer det klart urimeleg at eleven ikkje skal kunne få karakter, kan rektor bestemme at han eller ho likevel frå karakter. 
  • Eleven må legge fram relevant dokumentasjon for å få fråvær unnteken frå fråværsgrensa. 
  • fråværsgrensa gjeld timefråvær i enkeltfag, ikkje elevens totale fråvær.
  • Eleven skal få eit varsel om han eller ho står i fare for å ikkje få karakter på grunn av fråvær.

Fråværsgrense på 15 prosent for enkelte

Rektor kan avgjere om elevar i ein vanskeleg livssituasjon skal få karakter viss dei har udokumentert fråvær på under 15 prosent. Dette vil kun gjelde for nokre elevar, og årsaken til fråværet vil vere avgjerande. Rektor kan ikkje godta fråvær over 15 prosent. Ung.no oppmodar deg til å ta kontakt med rektor viss du meinar dette gjeld deg. 

Har du dokumentert gyldig fråvær, kan du holde dette utanfor fråværsgrensa. 

Du kan lese meir om fråværsgrensa på Utdanningsdirektoratet sine sider.