Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Nordfjordelevar søkjer seg til Ørsta vidaregåande skule

Nordfjordelevar søkjer seg til Ørsta vidaregåande skule

Fleire tiandeklassingar frå Hornindal har denne vinteren vore på besøk ved Ørsta vidaregåande skule, og ynskjer seg skuleplass hjå oss.

10. klassingar frå Hornindal på besøk ved Ørsta vidaregåande skule, ilag med rådgjevar Connie Steffenakk Bakke frå Hornindal skule.

Sidan Hornindal og Volda kommune vert slått i hop frå januar 2020, kan tiandeklassingane ved Hornindal barne- og ungdomsskule allereie i år søke skuleplass i Møre og Romsdal.

Nokre elevar har hospitert i programområda dei ynskte å søkje til, andre fekk omvising på fleire programområder før dei tok ei endeleg avgjerd på kva dei ville søkje på.

9. klassingane frå Hornindal er inviterte til "Open dag" ved Ørsta vidaregåande skule 14.mars, og foreldre til elevar ved Hornindal barne- og ungdomsskule har fått god informasjon om dei ulike programområda som Ørsta vidaregåande skule tilbyr.