Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > No kan du søkje om skuleskyss på internett!

No kan du søkje om skuleskyss på internett!

Er du 10. klassing eller skal halde fram ved Ørsta vidaregåande skule til hausten? 

Alle som har rett til fri skuleskyss må søkje via internett. På denne måten registrerar du deg for elektronisk skuleskysskort til hausten.

Viktig informasjon vedrørande søkinga: 

  • Elevar i vidaregåande skule har rett til fri skuleskyss når avstanden mellom skule og bustad er over 6 km. 
  • Bur du på hybel, kan du ha rett til fri skuleskyss, dersom avstanden er over 6 km. 
  • Elevar som ønskjer å søke om skuleskyss grunna delt bustad, sjukdom eller skade må levere søknad med vedlegg til skulen. Dette kan du gjer i resepsjonen.

Det vil etterkvart bli mogleg å levere klage på vedtaket på nett. 

Nettadressa du skal bruke for å søkje er skuleskyss.mrfylke.no

Trykk deretter på knappen 

Logg deg inn med MinID. 

Dersom det skal oppstå problem eller har spørsmål , ta kontakt med oss på denne e-posten; framskoleskyss@mrfylke.no eller bruk linken som ligg på nettsida. 

Alle 10. klassingar skal ha fått eit eige informasjonsskriv via ungdomsskulen. 

Vel møtt til skulestart!