Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Karrieredagane 2018!

Karrieredagane 2018!

Onsdag 26. og torsdag 27. September var mange elevar både frå vidaregåande skule og frå tiande klasser rundt om i området samla ved Høgskulen i Volda og i Voldahallen for å delta på Karrieredagane 2018.

Flinke gutar ved VG3 Automatiseringsfaget

Ørsta vidaregåande skule stilte med stand innan for alle programområder som er på skulen, og fekk vist fram moglegheitene som finst ved å velje yrkesfag.

Om lag 700 10.klassingar tok turen innom Karrieredagane 2018 og fekk informasjon om utdannings- og yrkesvegar i fylket.

Ørsta vidaregåande skule stilte med stand for restaurant- og matfag ved Høgskulen i Volda. Her serverte dei smaksprøver, både salt og søtt. I tillegg var det VG2 Kokk-og servitørfag ved Ørsta VGS som fekk æra av å servere alle besøkande lunsj. Design og handverk var første standen ein møtte på når ein kom inn i Voldahallen, og som alltid fargerik og inspirerande. Her fekk vi eit innblikk i alternative retningar innanfor denne kreative yrkesretninga. Elektroavdelinga ved skulen var representert ved VG2 Elenergi og automasjon, dei hadde med ulike modellar som dei demonstrerte for publikum. Automasjon hadde med seg sine oppfinningar og viste vegar ein kan gå innan elektrofaget.

Elevar frå VG2 Helsearbeidarfaget og VG2 Helseservicefag hadde også stand, og gav eit innblikk i spennande og omsorgsfulle yrkesval som denne retninga gjev. VG2 Arbeidsmaskiner og VG2 Køyretøy hadde også stand i Voldahallen i lag med sine opplæringskontor. Her var det elevar som informerte om kva type opplæring dei får ved retninga dei har vald. VG1 Bygg- og anleggsteknikk og VG2 Byggteknikk hadde stand der lærarar, elevar og opplæringskontor var til stede for å orientere om yrker som er innanfor denne retninga. Bygg og anleggsteknikk gjev mange spennande yrkesmoglegheiter - slik som alle dei andre yrkesfagretningane. VG2 Byggteknikk hadde sett opp alle standane, i tillegg til å rydde opp etter arrangementet. 

Flinke elevar frå VG2 Kokk- og
servitørfag serverer elevar. 

VG1 Design og handverk er på plass! 
Motiverte elevar ved
VG2 Helsearbeidarfag.

VG2 Helseservice stilte med ein
interessant stand, med masse nytting
informasjon.

VG2 Arbeidsmaskiner strålte med 
3 smilande karar.

Elevane ved VG2 Kokk- og servitørfag gjer klar lunsj til dei besøkande!

Fleire hundre kuvertar. Flott innsats! 

Ørsta VGS har samtykke frå personar som er avbileta til å kunne publisere bileta.

Foto: Ann Kristin Eikrem