Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Innovasjonscamp 2018

Dokument

Program
PDF-dokument - 297,70 kB

Innovasjonscamp 2018

I morgon, onsdag 31.oktober, vert det for fyrste gong arrangert innovasjonscamp i samarbeid med Ungt Entrepenørskap ved skulen vår. Campen er for alle VG2-elevane. Dagen vil i tillegg til å gi elevane opplæring i entreprenørskap, vere fagdag i norsk og samfunnsfag.

Foto: unsplash.com

Tema for campen er UNGDOM I SENTRUM. Elevane får utdelt oppdraget på sjølve dagen. Oppdraget elevane skal løyse, er gitt av Ørsta kommune og Ørsta Næringskontor.

Campen vert avvikla i flatsalen på Ørsta Kulturhus.

Dagen er eit samarbeid med Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal, som tilbyr undervisningsmateriell, aktivitetar og kurs for heile utdanningsløpet. Målet er at alle elevar og studentar i fylket skal få god entreprenørskapsopplæring, og trening i å jobbe i lag med eksterne ressurspersonar både frå offentlege og private næringar/ institusjonar i lokalmiljøet.  Som rettleiarar bidreg både Ørsta Næringskontor, Hotell Ivar Aasen, Kaihuset, Kulturskulen, Musikk i sentrum, Amfi Ørsta med fleire.

Ungt Entrepenørskap har hovudansvaret for avviklinga av campen. Elevane skal jobbe i grupper på tvers av programområde. Gruppene leverar inn ein forretningsplan som juryen skal vurdere. På slutten av dagen skal gruppene presentere sine løysingar på oppdraget som vert gitt, og det vert kåra ei vinnargruppe, samt ein andre og tredjeplass. Juryen er breitt samansett med mellom anna rektor ved Ørsta vidaregåande skule, Roger A. Fylling, ordførar Stein Aam, Paal Inge Olsen frå Ørsta Lensmannskontor, og Elise Stokken frå Ungdomsrådet.

Tekst: Beate Langeland Mork