Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Informasjon om svarfrist til vidaregåande skule og skule-PC

Informasjon om svarfrist til vidaregåande skule og skule-PC

Her finn du informasjon om skulestart.

Det vil kome to ulike SMS når inntaket er klart.

-          SMS fredag 3. juli er frå inntakskontoret, og ber søkarar svare på tilbod om skuleplass. Svarfrist på skuleplass er fredag 10.juli.

-          SMS måndag 6. juli er frå Skolestart, der ein får tilbod om å tinge skule-PC. Vi oppfordrar VG-1-elevane til å bestille skule-PC, då skulen ikkje lenger tilbyr PC-stipend.

Informasjon om skuleskyss

Som elev på ein vidaregåande skule kan du ha rett til fri skuleskyss til og frå skulen. Merk at det må vere 6km mellom skulen og der du bur (bustad eller hybel). Etter at du har takka ja til skuleplass, kan du søke om skuleskyss på https://skoleskyss.mrfylke.no. Dersom du har rett på skuleskyss, vil du få utlevert skuleskysskortet på skulen. Det anbefalast å søke så tidleg som mogleg, slik at skuleskyss-kortet er klart til skulestart.

NB! Dersom  du har skuleskysskort frå før, så må du ta vare på dette til hausten og nytte det vidare då.