Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Informasjon om skuleskyss

Informasjon om skuleskyss

Viktig informasjon om skulekyss

Vi har registrert at fleire ventar på skuleskysskort frå fylket.

Vi har fått til svar at dei som tidlegare har hatt busskort ved skulegang på ungdomsskule eller andre vidaregåande skular skal bruke dette kortet vidare.

Når du søkjer om skuleskyss vil informasjon om reiserute bli oppdatert, og kortet skal fungere på den strekninga du har søkt skuleskyss på.

Har du kasta eller mista kortet som du har hatt tidlegare, må du kjøpe eit nytt. Det kostar 100 kr, og du kan få meir informasjon om dette i resepsjonen. 

Vi har også fått tilbakemelding om at fleire seier kortet ikkje fungerar på bussen.

Det er då viktig å sjekke om du har søkt om skuleskyss for dette skuleåret. Du må søke om skuleskyss for kvart år du går på skule.

Du kan gå inn på skoleskyss.mrfylke.no for å sjekke opp dette. 

Er det søkt skuleskyss frå feil adresse? Søk på nytt i skoleskyss-portalen med korrekt adresse.