Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Informasjon om skuleprogrammet VIP

Informasjon om skuleprogrammet VIP

Veiledning og informasjon om psykisk helse i veke 43 og invitasjon til foreldremøte onsdag, 24.10.2018 klokka 18.00.

Ørsta vidaregåande skule har tydeleg fokus på elevane si psykiske helse og livsmeistring. Skulen gjennomfører kvart år VIP-programmet for alle VG1-klasser. VIP står for Veiledning og Informasjon om Psykisk helse. Målsettinga med VIP er å gjere unge betre rusta til å ta vare på si eiga psykiske helse, samt gi informasjon om tilgjengelig hjelpeapparat. Elevane får utdelt eigna materiell i høve arbeidet.

  • Tysdag 23.oktober 2018 kl. 09.00: Oppstart av VIP-veka for alle VG1-elevar og lærarane deira i kinosalen til introduksjon av VIP-programmet, foredrag «Tryggleik i den digitale kvardagen» v/ Øyvind Vebenstad, Politiet i Ålesund, og eit møte med teletenestene ved skulen. 
  • Onsdag 24.10.2018 og torsdag 25.10.2018: Elevane arbeider med VIP-materiell i lag med sine lærarar, og lagar spørsmål til hjelpeapparatet.
  • Onsdag 24.10.2018 kl. 18.00: Foreldremøte i auditoriet på D-bygget kl 18.00. Informasjon om VIP og korleis hjelpe og støtte elever som strever i skulekvardagen. Vi vil legge fram resultat frå forskningsarbeid som Høgskulen i Volda v/Stine Ekornes og Reidunn Tverrgrov Øy gjennomførte i høve elevtenesten mot slutten av forrige skuleår.
  • Fredag 26. oktober: VIP-klassebesøk, der alle VG1-klassene får besøk av eksterne fagpersonar. På klassebesøket blir det lagt opp til informasjon, spørsmål og diskusjon.

 

I samband med klassebesøka vil lærarar og rådgjevar vere tilgjengelege for kontakt med elevar som ønskjer det.

Vi oppmodar føresette om å samtale heime om det som skal foregå på skulen, samt ta dykk tid til å bla litt i studieheftet «Livet og sånn» som elevane får tildelt i forkant av VIP-veka.

De kan finne meir informasjon om VIP programmet her: www.vipweb.no

 

Skulen sitt elevtenestetilbod består av:

  • Helsesøster
  • Fagpersonar frå Ørsta kommune
  • Rustenesta
  • Teneste for psykisk helse
  • NAV
  • Skulen sine faste rådgivarar

 

Tenesta vil tilby førebyggjande støttesamtaler, arbeide med å få til gode relasjonar til elevar, gje råd og rettleiing til elevar og lærarar individuelt, og i klasserommet, samt vise veg i behandlingssystemet ved behov, og hjelpe eleven å ta rette val.

Vel møtt.

 

Med helsing

 

Roger Fylling
Rektor 

Ann Turid Andesen Egset
OT-rådgjevar

 

Margun Vartdal Romestrand
Sosialpedagogisk rådgjevar

 

Sven Kenneth Nilsvik
Sosialpedagogisk rådgjevar

 

Anne Mette Sætre
Spesialpedagogisk rådgjevar