Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Informasjon om skuleprogrammet VIP

Dokument

Program - tysdag 22.10.2019
PDF-dokument - 98,08 kB
Plan for klasseromsbesøk - fredag
PDF-dokument - 34,36 kB

Informasjon om skuleprogrammet VIP

Rettleiing og informasjon om psykisk helse i veke 43

Ørsta vidaregåande skule har tydeleg fokus på elevane si psykiske helse og livsmeistring. Skulen gjennomfører kvart år VIP-programmet for alle VG1-klasser. VIP står for Veiledning og Informasjon om Psykisk helse. Målsettinga med VIP er å gjere unge betre rusta til å ta vare på si eiga psykiske helse, samt gi informasjon om tilgjengelig hjelpeapparat. Elevane får utdelt eigna materiell i høve arbeidet.

  • Tysdag 22. oktober kl. 09.00: Oppstart av VIP-veka for alle VG1-elevar og lærarane deira i kinosalen til introduksjon av VIP-programmet,
  • Onsdag 23. oktober: Elevane arbeider med VIP-materiell i lag med sine lærarar, og lagar spørsmål til hjelpeapparatet.
  • Torsdag 24. oktober: Elevane arbeider med VIP-materiell i lag med sine lærarar, og lagar spørsmål til hjelpeapparatet.
  • Fredag 25. oktober: VIP-klassebesøk, der alle VG1-klassene får besøk av eksterne fagpersonar. På klassebesøket blir det lagt opp til informasjon, spørsmål og diskusjon.

Plan for oppstartsprogrammet tysdag 22. oktober og for klasseromsbesøk på fredag 25. oktober ligg under dokument på høgre side.