Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Informasjon om rett til å klage på standpunktkarakter

Informasjon om rett til å klage på standpunktkarakter

Det nærmar seg slutten av skuleåret, og karakterar vert gjevne i dei ulike faga. Her kjem litt informasjon om rett til å klage på standpunktkarakter.

Du kan klage på standpunktkarakterar dersom du meiner at dei som har sett karakterane ikkje har fulgt reglane.

Dine føresette kan klage på vegner av deg fram til du er 18 år. Frå du er 18 år, kan du klage sjølv.

Du finn informasjon om klage på standpunkt og skjema du skal nytte ved innsending av klage på Møre og Romsdal fylkeskommune si internettside