Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Hospitering for 10. klassingar

Hospitering for 10. klassingar

Hospiteringa for 10. klassingar på Sunnmøre er no open for påmelding.

Hospitering gjev elevane i 10.klasse på Søre Sunnmøre høve til å vere med ein heil dag på ei av yrkesfaglinjene ved Ørsta vidaregåande skule.

Vi vonar mange vil kome og bli betre kjende med våre yrkesfagutdanningar og at vi kan freiste elevane med eit godt tilbod for framtida deira.

Det er begrensa med plassar, så skund deg å meld deg på her.

Hospiteringa vil finne stad i veke 47:

Elektrofag: mandag, tysdag og onsdag

Restaurant- og matfag: onsdag, torsdag, fredag

Bygg- og anleggsteknikk: onsdag, torsdag, fredag

Design og handverk: tysdag, onsdag, torsdag

Teknikk og industriell produksjon: mandag, tysdag, onsdag

Helse- og oppvekstfag: onsdag, torsdag, fredag

Vi ynskjer alle velkomne og gler oss til å vise fram dei flotte yrkesfaga ved skulen vår.