Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Hospitering 2018

Hospitering 2018

Vi ynskjer over 250 elevar velkomne til hospitering!

 

Vi er svært glade for at så mange tiandeklassingar frå ungdomsskulane på Søre Sunnmøre vel å hospitere ved dei ulike programområda våre i veke 47, 19. - 23. november 2018!

Bilde: Unsplash.com

Som oppfølging av Karrieredagane som tiandeklassingane deltok på i september, skal dei no hospitere ved ein vidaregående skule. Elevane har sjølve valt kva programområde dei vil fordjupe seg i. Dette for best mogleg å kunne sikre at elevane vel rett når dei snart skal velje vidare skulegang.

Både elevar og lærarar ved Ørsta vidaregåande skule vil gjere sitt beste for å gi elevane eit godt innsyn og ei god oppleving av innhaldet i ein skuledag, og kva moglegheiter det finnast ved vår skule.  Visjonen vår er "Meistring gjennom aktivitet og utforsking".

Ved vår skule har vi ei svært breitt samansett og solid elevteneste. Vi har rom for alle- og blikk for den enkelte!

 

Vi tilbyr desse yrkesfaglege utdanningsprogramma: 

Restaurant- og matfag

Helse- og oppvekstfag

Elektrofag

Bygg- og anleggsfag

Teknikk- og industriell produksjon

Design og handverk

Vi tek imot elevane den dagen dei kjem til ein felles oppstart i auditoriet i D- bygget vårt kl.09.15. Etter ei kort økt med informasjon, går dei så i samla flokk til aktuelt klasserom/ verkstad i lag med ein lærar frå kvart programområde. 

Skuledagen vert avslutta kl.13.30 for alle som er på hospitering, uavhengig av utdanningsprogram.

Alle må ha med matpakke, drikke  og skrivesaker. Det er ikkje kantine på skulen.

Er det krav til arbeidsantrekk eller verneutstyr,  vil elevane få låne det av skulen.

Velkomne til motiverande og lærerike dagar!

Skrive av: Beate Mork