Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Hola frå Spania!

Hola frå Spania!

No har elevane vore i Spania i ei og ei halv veke. 

Dei trivst godt på praksisplassane sine, og gjer ein framifrå jobb i bedriftene dei er utplasserte i.

På fritida er dei sosiale, og gjer mange kjekke aktivitetar i lag. Mellom fellesaktivitetane kan vi nemne at dei har vore på stranda, på tur til Alicante, på fjelltur, tur til fyret i Albir og hatt felles måltid på ulike restaurantar og i Villa Romantica. Etter arbeidstid er dei i lag ved bassenget, ser seg rundt i området eller spelar kort og sjakk. Det er ein sosial og svært kjekk gjeng som er med på internasjonaliseringsprosjektet!

Barne – og ungdomsarbeidarane har vore på besøk på barneheimen elevane ved skulen har samla inn pengar til, og det gjorde sterkt inntrykk på alle som var med. Huset barneheimen er i er gammalt og i dårleg stand. Elisabeth Skarveland er svært engasjert i barneheim – borna sitt ve og vel, og ho har samla inn nødvendig utstyr og pengar til dei gjennom mange år. Ho viste oss rundt på barneheimen og fortalte litt om kven som bur der og litt om det spanske systemet. ”Ein kan ikkje hjelpe alle, men alle kan gjere ein forskjell” er mottoet til Skarveland.

No ser elevane fram til resten av opphaldet. Det er lærerikt å jobbe og å bu i ein annan kultur.

Les  gjerne meir om opphaldet i bloggane til elevane:

http://kokkispania.blogg.no/

http://spanskeeventyret.blogg.no/

http://m.bungalow2017.blogg.no/

http://m.byggmeisterbob.blogg.no/

http://kjoretoypaavilleveier.blogg.no/

http://littlepeople.blogg.no/

http://carlosflote.blogg.no/

http://m.piasaether.blogg.no/

http://friminutt.blogg.no/

http://solgaarden2017.blogg.no/

Cecilie er utplassert på Casa Vital

Cecilie er utplassert på Casa Vital

Solveig og Ellinor er utplasserte på den norske skulen i Rojales

Solveig og Ellinor er utplasserte på den norske skulen i Rojales

Desse kjekke jentene er utplasserte på Betanien

Desse kjekke jentene er utplasserte på Betanien

Daniel og ei kollega

Daniel og ei kollega

Viviann er utplassert på Betanien

Viviann er utplassert på Betanien

Fredrik, Johan og Øystein har skifta tak

Fredrik, Johan og Øystein har skifta tak

Ein kjekk gjeng som er utplassert på Solgården

Ein kjekk gjeng som er utplassert på Solgården

Silje er utplassert i blomsterbutikken Ambiente i Albir

Silje er utplassert i blomsterbutikken Ambiente i Albir

Bilete og tekst: Kristin Garshol Welle