Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > FN-rollespel ved VG2-elevar

FN-rollespel ved VG2-elevar

Krisa i Jemen er av FN rekna som den største humanitære katastrofa i verda. 22,2 millionar innbyggjarar treng humanitær hjelp og for 11,3 millioner menneske er behovet akutt.

Torsdag 14. februar 2019 gjorde vi kulturhuset i Ørsta om til FNs hovedkvarter i New York. VG2-elevane ved Ørsta vidaregåande skule møtte som delegatar for FNs sikkerheitsråd. 

Foto: Malin Myklebust

Målet for dagen var å kome til einigheit om ein resolusjon.

Dei måtte ta stilling til desse spørsmåla:

Korleis kan Sikkerheitsrådet forbetre den uutholdelige situasjonen sivilbefolkninga i Jemen befinn seg i? Vil Sikkerheitsrådet prøve å ramme houthiene med ytterligere sanksjonar, og gjere eit nytt forsøk på å innlemme Iran i desse? Eller vil Rådet prøve å avgrense den Saudi-Arabiske leiande koalisjonens rolle i konflikta? Korleis kan ein løyse dei akutte problema knytt til havnebyen Hodeida, og beskytte dei mange handelsskipa som seglar langs denne kysten av Rødehavet? Og korleis skal ein lukkast i kampen mot terrorisme når viktige partar i koalisjonen ser ut til å samarbeide med Al-Qaida når det passar dei? Og kva av desse utfordringane bør vi løyse først? 

Spørsmål det ikkje vidare er lett å svare på, då landa i Sikkerheitsrådet har forskjellige interesser, lojalitetsband og syn på kva som er den beste løysinga. Skal ein bryte suverenitetsprinisppet eller ikkje? Og kva er eigentleg Sikkerheitsrådets fremste oppgåve? I tillegg har fem av landa vetorett.

Elevane hadde forberedt seg i fleire veker med å setje seg inn i konflikta, landet dei skulle representere og korleis Sikkerheitsrådet fungerar. Til tross for iherdig innsats ble ikkje elevane einige om ein resolusjon. Men dei fekk kjenne på kroppen kor utfordrande internasjonalt fredsarbeid er, kor kompleks konflikta i Jemen er og kor utfordrande det er å kome til einigheit om ei god løysing.

Tekst og bilete: Malin Myklebust

Comments