Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Ein heil dag med nyskaping og 150 unge entreprenørar

Dokument

Program for innovasjonscamp, 04.12.2019
PDF-dokument - 167,68 kB

Ein heil dag med nyskaping og 150 unge entreprenørar

Etter braksuksessen i fjor, arrangerar Ørsta vidaregåande skule onsdag 4. desember 2019, på nytt innovasjonscamp for alle VG2-klassene ved skulen. Campen er eit samarbeid med Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal og lokalt næingsliv.

Tema for dagen er «Min framtidige arbeidsplass». Ørsta næringskontor er oppdragsgivar.

 

Kva er Innovasjonscamp?

Undervisningsprogrammet Innovasjoncamp er utvikla av Ungt Entreprenørskap.

Innovasjonscamp er ein treningsleir i kreativitet og nyskaping, og ei metode for å bygge bru mellom skule og arbeidsliv. Elevene får eit oppdrag/ei problemstilling som dei skal finne sine løysningar på i løpet av ein skuledag. På slutten av dagen skal dei presentere løysningane sine for ein jury som kårar vinnarane (1., 2. og 3. plass).

Tekst: Rådgjevar/lærar, Beate Langeland Mork

Program for dagen er vedlagt under dokument til høgre på sida.