Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Ei veke med fokus på tankar og kjensler

Ei veke med fokus på tankar og kjensler

Ørsta vidaregåande skule arrangerte i førre veke VIP-veke for 7. året på rad.

VIP står for veiledning og informasjon om psykisk helse i skulen. Psykisk helse er noko vi alle har. Det handlar om tankar og kjensler, om korleis vi eigentleg har det, og ikkje minst meistring av kvardagen.

VIP har vorte eit svært viktig bidrag ved vår skule, og er med på å gjere ein stor skilnad for mange, oppsummerte Ann Turid Andersen Egset, som er OT-koordinator for Søre Sunnmøre, rådgjevar ved skulen og ansvarleg for VIP ved Ørsta vidaregåande skule.

Nasjonalt program

Skuleprogrammet VIP er eit tiltak som rettar seg mot Vg1-elever i vidaregåande skule. Rundt 130 skuler rundt om i landet deltek årleg. Hovudmålet med programmet er auka kunnskap om temaet, og slik gjere elevane betre rusta til å ta vare på eiga psykisk​ helse og ikkje minst bli gjort merksame på kvar dei kan søke hjelp. Veka hadde òg stort fokus på kompetanseheving av personalet ved skulen.

Marco Elsafadi

VIP-veka starta med ein spenstig kick off og fellessamling i Kulturhuset, opna med vakker song av Christin Strand som er elev på restaurant og matfag , og to fantastisk gode foredrag av Espen Hansen og Marco Elsafadi. Espen har jobba i VIP sentralt sidan 2001. Han er leiar for skuleprogrammet, og har mellom anna instruktørutdanning i Empatisk kommunikasjon. Marco ber med rette tittelen relasjonshøvding! Han fengsla ein fullsett kinosal med sitt opne og personlege føredrag der det å vere ungdom var hovudtema.

Å være ungdom er krevjande og ein er gjerne spesielt sårbar i ungdomstida. Det viktigaste er å lære korleis ein tek ansvar for seg sjølv og dei rundt seg, sa Elsafadi som hadde tett med kloke og sjølverfarte råd til elevane vidare på veg ut i livet.

 

marco

Klasseromsbesøk

Utover i veka vart det jobba individuelt med ulike oppgåver i dei enkelte klassene, og alle vg1 klassene fekk besøk på sine klasserom. Klasseromsbesøka vart gjort av eit samansett team med dyktige fagpersoner frå kommunal teneste for psykisk helse, rustenesta, helsesøster, barnevern, PPT og LOS som besøkte elevane på deira heimebane, og samtala med elevane og svarte på spørsmål som elevane på førehand hadde sendt inn. 

Veka vart evaluert som vellykka, både for elevane som var i fokus, personale på skulen og eksterne bidragsytarar. Målet er å gjere ein skilnad for mange, ikkje berre denne eine veka, men gjennom heile skuleåret. Elevtenesta ved Ørsta vidaregåande skule er breitt samansett, og skal vere eit lågterskeltilbod som er synleg i skulekvardagen, og som det skal vere lett å ta kontakt med.

 

Skulen har eit utvida elevtenestetilbod som består av rådgjevarar tilsett på skulen og fagpersonar frå teneste for psykisk helse og rustenesta.

Desse er på skulen kvar torsdag mellom 11 og 14, helsesøster har kontortid på skulen tysdag og onsdag, og Nav har kontortid på skulen måndagar frå 11-13.

Tradisjonen tru serverte elevane på restaurant og matfag ein fantastisk lunsj i lunsjpausen under klasseroms besøka.

lunsj01
lunsj02
lunsj03
lunsj05

 

Beate Mork og Ann Turid Andersen Egset