Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Båtbesøk ved VG1 TIP

Båtbesøk ved VG1 TIP

Onsdag 27. november var ei klasse i frå VG1 TIP og besøkte ein trålar/snurperbåt ute på Mjølstadneset i Herøy, der fekk vi ei detaljert omvisning av Pål Cato Reite som er kaptein ombord i båten Eros.

Både å bygge båtar, produsere utstyr og styre ein båt kan vere aktuelle læreområder for VG1 TIP-elevane. 

Vi starta med styrehuset, utsyret der og litt om kvardagen som kaptein. Vi gjekk også gjennom motorrom og rollene nede i maskina, der fekk vi sjå alle pumpene, motorane og utstyret under dekk, imponerande. Vi gjekk og gjennom notbingen der den enorme nota som kan romme omtrent 12 fotballbaner ligg. I akter ende av båten gjekk vi forbi ein av tromlane som hadde ein liten trål på seg. Der fekk vi og sjå to store kraftige vinsjar som dreg tråldørene som held open nota.

 

100
 

M/S «EROS» - EROS AS

er utstyrt med hybrid fremdriftssystem med dieselelektrisk og/eller dieselmekanisk framdrift. Vidare er båten utstyrt til havforskning med flere laboratorier ombord og stor lugarkapasitet (25 personer) – og har også senkekjøl. Det er overbygd notbinge med et nytt system for legging av not. Dette medfører at mannskapet får ein lettare og tryggare arbeidsplass.

Skroget er ei vidareutviklinging av dei gode RRM-skroga utvikla for fiskefartøy. Det betyr høg fart, men likevel lite støy, gode sjøeigenskapar og rimeleg drift. Lastekapasiteten er på ca. 2300 m3, og RSW-tankane er designa med tanke på skånsom behandling av fisken.

Fartøyet skal fiske etter sild, makrell, hestemakrell, lodde og kolmule. Det er utrusta med separat dekksutstyr for tråling og for fiske med ringnot.

Green passport

Det blir hevda at dette er første fiskefartøyet i verda som har miljøsertifiseringa Green Passport /IHM. Det er Metizoft som har stått for innsamling, oppbygging og strukturering av Green Passport/IHM-dokumentasjon i henhold til regelverk. Dei nye IMO-krava pålegg alle havgående fartøy ei løpande registrering av alle komponentar og materialar som kan utgjere ein potensiell fare for miljø og menneske. (Tekst er henta frå nettsiden https://www.skipsrevyen.no/)

VG1 TIP-lærar, Kjetil Lianes